Denne artikkelen er hentet fra: stami.no
Aller verksemder kan gjennomføre En bra dag på jobb. Ein kan enten holde møta sjølv, eller ein kan få hjelp av bedriftshelsetenesta. Her er Tone Matre Roe og Mette Løvåsen frå Skien kommune sin bedriftshelseteneste i gang med å gjennomføre eit En bra dag på jobb-møte. (Foto: STAMI)
Einaren avlastingsbustad har nyleg gjennomført ‘En bra dag på jobb’.
Dei er éin av 44 einingar innan Helse og velferd som får bistand frå den interne bedriftshelsetjenesten i Skien kommune til å gjennomføre verktøyet.
Målet med prosjektet er å rette innsatsen inn på arbeidsmiljøet, noko som i sin tur fremjar arbeidshelse og kan førebygge sjukefråvær.
Det var ikkje eit dårleg arbeidsmiljø som var grunnen til at Einaren avlastingsbustad valde å bruke ‘En bra dag på jobb’, men heller eit ønske om å bli endå betre på arbeidsmiljø.
Samtidig har dei utfordringar som er nyttige å diskutere for å finne ut korleis dei kan førebyggje eller handtere dei på best mogleg måte. Vanskelege pasientsituasjonar og høge emosjonelle krav er utfordringane som dei tilsette på Einaren avlastingsbustad prioriterte høgast å ta tak i.
Løysinga vart kollegastøtte og gode rutinar, som mellom anna inneber å snakke med kollegaer etter ubehagelege hendingar og drøfte situasjonar med fagkoordinator eller leiar ved behov.
Dei tilsette fortel at dei har vorte meir klar over kva dei treng for å ha det bra på jobb.
Pleiar og verneombod Inger Lill Løvli Hogstad snakkar varmt om korleis prosessen har påverka arbeidsmiljøet.
– Vi har sett i verk ein del tiltak som vi trong å terpe på, som debriefing og jamlege foreldresamtalar. Det å samarbeide med pårørande kan nokre gonger vere meir krevjande enn å ta seg av bebuarane her. No er det lavare terskel for å vere open og klargjere vanskelege tema. Vi har snakka om utfordringane hos oss i plenum og forstår kvarandre betre no, seier ho.
Einaren avlastingsbustad sette av tid til å bruke verktøyet på to fagdagar etter kvarandre.
Der fekk dei hjelp frå den interne bedriftshelsetjenesten i Skien kommune slik at leiar, verneombod og tillitsvald kunne delta i gruppearbeid på lik linje som dei andre tilsette. Dette opplevde dei som ein fordel fordi dei kunne konsentrere seg om å delta i diskusjonar, framfor å ha ansvar for å leie prosessen.
– Det er dei beste fagdagane vi har hatt, seier verneombod Inger Lill Løvli Hogstad.
‘En bra dag på jobb’ inneber to separate møte. I det første møtet skal deltakarane kartlegge utfordringar i arbeidsmiljøet, og i det andre møtet skal ein finne passande tiltak.
Tilrådinga er å la det gå éin til to veker mellom møta, men denne bedriftshelsetenesten har også god erfaring med å gjennomføre opplegget på to dagar etter kvarandre.
– Då er dei ofte meir kopla på og hugsar betre kva dei har snakka om. Eg opplever at dei er meir produktive på fagdagar der det er kort tid mellom statusmøte og tiltaksmøte, forklarer BHT-leiar i Skien kommune, Tone Matre Roe.
Roe påpeikar eit anna positivt element ved å bruke ‘En bra dag på jobb’ – sidan verktøyet inneheld korte filmar som illustrerer dei fem utfordringane som ifølgje forsking er vanlegast i bransjen, slepp ein å gjere tidkrevjande arbeidsmiljøkartleggingar.
– Eg liker at verktøyet er forskingsbasert og at dei vanlegaste utfordringane allereie er plukka ut. Vi slepp å stille diagnose, og kan gå rett på sak, seier ho.
Einingsleiar på Einaren avlastingsbustad, Hanne Broby, meiner at eit godt arbeidsmiljø er bra for både dei tilsette og bebuarane.
– Arbeidsmiljø er grunnmuren. Viss arbeidsmiljøet er dårleg, går kvaliteten på arbeidet ned. Når vi derimot har forståing for kva som skal til for å ha eit godt arbeidsmiljø og handterer utfordringar, vil det skape større tryggleik blant bebuarane og kunne førebygge utagering, seier ho.
Broby ønskjer å halde engasjementet oppe no etter at dei har laga ein konkret handlingsplan. Ho ser på det som sitt ansvar å halde liv i prosessen.
Verksemda skal ha oppfølgingsmøte kvar tredje månad for å evaluere tiltaka og sette opp nye målsettingar. I tillegg ønskjer dei å gjennomføre ‘En bra dag på jobb’ annakvart år.
Einingsleiaren er glad for at ho gav ‘En bra dag på jobb’ ein sjanse, sjølv om ho nølte i starten.
– Eg var litt skeptisk og lurte på om dette kan passe for oss? Og så viste det seg å vere ein innertiar, smiler ho.